POLITIKK OG MORAL

28.01.2020

Om IS, humanitære grep og regjeringskrise

Statsministar Erna Solberg og leiar av Framstegspartiet Siv Jensen i NRK Dagsrevyen 20. januar.Regjeringskrisa som oppstod måndag 20. januar, kom då styresmaktene henta heim ei norsk kvinne og dei to borna hennar frå Al Hol-leiren i Syria. Kvinna reiste i 2013 ned til Syria og har levd i IS-kontrollerte område- Ho gifta seg med ein annan norsk borgar som var IS-soldat og som døydde i 2015. Medan Høgre, Krf og Venstre stod bak avgjerda no, tok Framstegspartiet dissens, og då saka vart offentleg, gjekk partiet ut av regjeringa. Saka handlar mellom anna om moral og politikk, og det er dette vi skal sjå på her.

Det er brei semje i det norske politiske miljøet om at Den islamske staten (IS) som har kontrollert område i Irak og Syria frå 2013 til 2019, har vore eit totalitært regime utan respekt for menneskeleg mangfald og ansvarleg for alvorlege brot på menneskettane. Etter at IS var nedkjempa militært i 2019, har fleire tusen menneske, både vaksne og born, frå desse områda sete i interneringsleirar under kummerlege forhold.

Avgjerda om å hente familien heim har vore grunngitt i helsetilstanden til den fem år gamle sonen til kvinna som, ifølgje opplysingane  regjeringa har sete på, var alvorleg sjuk. Statsminister Erna Solberg har kalla avgjerda eit humanitært grep. Til TV 2 sa ho 16. januar (gjengitt i Dagbladet same dag, sjå lenke nederst):

- Jeg forstår at dette er en vanskelig sak for Frp, men det er også en vanskelig sak å ta et annet valg i, som vi alle andre måtte stått til ansvar for i forhold til vårt moralske kompass og vår ryggrad i disse sakene.

Til Dagbladet la ho same dag til (sjå lenke nedst på sida):

- Her ble dilemmaet følgende: Hente hjem sykt barn med mor – eller risikere at en norsk gutt som er antatt syk dør på vår vakt.

Denne referansen til moral fekk politikarar i Frp til å reagere. Jon Engen-Helgheim har vist til folks kjensle av rettferd, og seier at det å hente mora heim ikkje er eit spørsmål om moral (same oppslag i Dagbladet, sjå nedst). I partileiar Siv Jensens tale til landsstyret sitt 20. januar (sjå lenke under) om kvifor partiet gjekk ut av regjeringa, seier ho det slik:

 - Så kom saken med en terrormistenkt IS-kvinne hvor de tre andre partiene i regjeringen gav etter for å ta hjem både mor og barn. Vi har hele tiden vært villig til å hente hjem uskyldige barn. Men vi kompromisser ikke med folk som frivillig har sluttet seg til terrororganisasjoner og som aktivt jobber for å rive ned hele verdigrunnlaget Norge er bygget på. Det fikk begeret til å renne over.

Avtroppande biskop Helga Byfuglien har på si side støtta Erna Solberg i denne saka, og hevdar statsministaren har vist god moralsk dømmekraft (sjå NRK Søndagsrevyen, 26. januar 2020, lenke under), eit syn som Frps nestleiar Sylvi Listhaug naturleg nok er kritisk til (sjå same NRK-innslaget). Ho hevdar biskopane har gjort Den norske kyrkje til ein politisk aktør og vil at kyrkjeleiarane ikkje skal blande seg i politiske saker.

Forfattaren Kaj Skagen kommenterte saka i vekeavisa Dag og Tid 24. januar (lenke under). Skagen er oppteken av at bruken av moral kan vere tildekkande for kva denne saka handlar om. Han spør mellom anna om kvifor ikkje regjeringa er open for å hente alle norske borgarar som har vore framandkrigarar for IS tilbake til Noreg og her verte stilt for ein norsk domstol.

MOGLEGE OPPGÅVER TIL DENNE SAKA

Les om etikk og politikk på s. 298-300 i læreboka samt oppslaget i Dagbladet og kommentaren til Skagen (lenka opp nedst på sida). Klippet frå NRK Dagsrevyen 26. januar 2020 tek òg opp forholdet mellom politikk og moral. 

1) Oppsummer synspunkta til Erna Solberg, Jon Engen-Helgheim og Kaj Skagen. Kva er dei samde om og kor er det usemje?

3) Diskuter kvifor bruken av omgrepet moral her fører til så mykje konflikt. Kva hadde skjedd om statsministaren heller enn «moralsk kompass» hadde nytta omgrepet «etisk vurdering»? Kva er skilnaden mellom desse to?

4)  Ta utgangspunkt i denne saka og diskuter kva du meiner bør vere forholdet mellom etikk og politikk. (Etikk handlar, som det står i læreboka, om å grunngi moralske handlingar og om kva som kjenneteiknar eit godt menneske og eit godt samfunn å bu i. Politikk handlar mellom anna om å fordele gode og byrder i eit samfunn).

5) I alle religionar finst det ulike syn på forholdet mellom religion og politikk. Her er Den islamske staten eit ekstremt tilfelle, men historisk er det ulike døme på teokratiske styresett (der lovene har ei religiøs grunngiving). Slike samfunn vil fort bryte med grunnleggande demokratiske verdiar. Men utan å støtte teokratiske styresett, er det mogleg å hevde at at det er viktig at religion og livssyn kan ha ei viktig stemme i politiske spørsmål.  Avtroppande biskop Helga Byfuglien seier det slik i NRK-innslaget 26. januar: "Jeg vil at kirken skal være årvåken, uttale seg og være tydelig i spørsmål som angår menneskeverd, ikke minst hvordan barn tas vare på, i spørsmål som utfordrer oss alle.» Er dette eit gode for demokratiet eller bør religiøse leiarar halde seg unna det politiske området? Prøv å finne argument for båe posisjonane og diskuter spørsmålet.

6) Kaj Skagen er oppteken av kva som skal skje med norske borgarar som har engasjert seg i IS. Skal Noreg ta initiativ til å få dei heim og stille dei til ansvar for det dei har vore med på, eller har landet vårt ikkje noko ansvar her? Diskuter spørsmålet. (Merk at folkerettsleg er hovudregelen at brotsverk skal dømast i det landet der dei er utøvd. Men i denne saka er det mange som legg vekt på at kapasiteten til domstolane i Irak og Syria er sprengt, og at dei landa som dei internerte har opphav i, må ta eit ansvar).

Nettressurser

Cappelen Damm