OFFENTLEG STØTTE TIL RELIGIONAR OG LIVSSYN
Endringar på gang
I Noreg stør styresmaktene religions- og livssynssamfunn per medlem med ein sum som svarar til den støtta Den norske kyrkja får. Slik har det vore sidan 1969. Ordninga skal sikre ei likehandsaming av alle religionar og livssyn, og ho gir eit breitt offentleg oversyn over religiøst liv og livssynsarbeid. Overordna sett er ho eit signal om ei positiv vurdering av religionar og livssyn. Likevel er ordninga omstridd og ho vekker debatt. Derfor er det ikkje overraskande at eit forslag til ny lov om trus- og livssynssamfunn som no er ute på høyring, foreslår endringar.
Les bakgrunnen under. Nedst på sida finn du oppgåver til denne saka.
Leiarar frå ulike religionar vitjar forstandar Anne Sender (lengst til høgre) i den jødiske synagogen i Oslo etter skota mot bygninga i 2010. Sender leier no sekretariatet for Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn. Fotograf: Gorm Kallestad /NTB ScanpixKva er argumenta til dei som er kritiske til støtteordninga i dag? Den første innvendinga går på at fleire religionar formidlar verdiar som går på tvers av majoritetssynet i Noreg. Tydelegast er dette i vurderinga av kva rolle kvinner og menn skal ha i organisasjonen og synet på homofile og lesbiske. Trusfridomen sikrar retten til å tenkje og tru annleis enn fleirtalet, men er det riktig å aktivt støtte miljø som fremmar diskriminering på grunnlag av kjønn og seksuell legning, er det dei som spør. Den neste innvendinga handlar om at alle som ikkje er medlemar av ein religion eller eit livssyn, over skattesetelen no aktivt sponsar dei som er det. Men denne gruppa, hevdar nokre, fell ut av likehandsaminga støtteordninga eigentleg skal sikre. Ei tredje innvending handlar om at det frå tid til annan kjem fram døme på misbruk av ordninga. I ei omfattande sak som fekk offentleg merksemd i 2014, var kjerna at den katolske kyrkja i fleire år hadde skrive inn medlemar på listene som dei har fått offentleg støtte for, utan å spørje dei først. I tillegg har det vore ganske enkelt å få støtte. 785 trus- og livssynssamfunn i Noreg er no dekka av ordninga.
Det nye forslaget som har høyringsfrist 31. desember, legg opp til ei innstramming. Mellom anna skal eit samfunn ha minst 500 medlemar over 15 år for å få støtte. I tillegg omfattar ikkje ordninga trus- og livssynssamfunn som «støtter handlinger som alvorlig krenker andres rettigheter og friheter».
Om forslaget blir vedtatt, vil det redusere talet på organisasjonar som får støtte dramatisk. Men samstundes melder det seg eit nytt spørsmål som Aftenpostens kommentator Ingunn Økland er inne på tysdag 10. oktober (sjå lenkje under). Vil ikkje ein slik statleg kvalitetskontroll truge religionsfridomen? Eit svar kan vere at det er fullt mogleg å organisere seg i dag utan offentleg støtte. Samstundes kan dette vere ei ordning som er vanskeleg å handtere for offentlege styresmaktar. Økland foreslår å avvikle heile støtteordninga.
Den aktuelle bakgrunnen for denne saka er at Regjeringa måndag kunngjorde at dei opphever støtta på 1,3 millionar kroner til Islamsk Råd Norge (IRN). Dette er ein støtte utanom støtteordninga til trus- og livssynssamfunn. Men prinsippet i det nye forslaget om at ein organisasjon skal oppfylle nokre vilkår, er det same. Kulturminister Linda Hofstad Helleland (Høgre) seier at organisasjonen ikkje framstår som ei brubyggar i det norske samfunnet og ikkje styrkar samarbeid og dialog. Bakgrunnen er ei lang tid med strid innad i IRN. Generalsekretær Mehtab Asfar har ikkje lukkast med å samle organisasjonen, og ei langvarig usemje toppa seg i vår, då det vart kjent at IRN hadde tilsett ein kvinne med ansiktsdekkande niqab i sekretariatet (sjå eiga sak i arkivet her). Asfar meinte dette var uproblematisk, medan representantar for fleire av medlemane meinte det var eit uklokt signal både innad og utad. Kritikken utanfrå har òg vore bred. No har fleire store, muslimske organisasjonar gått ut av IRN, og slakteriet Nortuna som har samarbeidd med IRN om å slakte norsk kjøt på muslimsk vis til norske muslimar, har trukke seg frå samarbeidet med IRN.
Under finn du lenkje til Ingunn Øklands kommentar 10. oktober 2017. Anne Senders argumentasjon for støtteordninga frå 16. mars 2016. Det er eit svar på eit tidlegare innlegg frå Økland i same sak. Sender er dagleg leiar for Samarbeidet for trus- og livssynssamfunn som samlar ulike religionar og livssyn i Noreg.
I læreboka kan du lese om den norske støtteordninga for religionar og livssyn på s. 321 i I same verda, og i ein diskusjon om forholdet mellom religionsfridom og likestilling på s. 336.
MOGLEGE OPPGÅVER TIL DETTE STOFFET:
1) Økland er negativ til støtteordninga for religionar og livssyn og har heller ikkje tru på forslaget om endringar. Kva er hovedargumenta hennar? Kva er det Sender framfor alt viser til når ho forsvarar ordninga?
2) Kva seier denne debatten om situasjonen for religionar og livssyn i Noreg i dag?
3) Gjer oppgåve 7.) på s. 341 i læreboka. Oppgåva vinklar temaet mot eit viktig dilemma som melder seg i eit pluralistisk samfunn.
4) Støtteordninga i dag skal altså endrast, men det er usemje om på kva måte. Sett opp tre gode argument for ordninga i dag og tre gode argument mot ordninga og debatter spørsmålet i klassen. Prøv gjerne å pønske ut det de meiner vil vere den ideelle ordninga i Noreg. I denne saka kan det vere ein god idé å dele ut ulike roller med representantar frå ulike religionar og livssyn (både Den norske kyrkja, ei anna kyrkje eller ein annan religion og eit anna livssyn (til dømes Human-Etisk Forbund), politikarar og i alle fall ein som ikkje er medlem nokon stad.
Nettressurser
-
Livssynssamfunn bidrar til opplæring i demokrati
Anne Sender, Aftenposten 16. mars 2016 -
Pengestøtten som forsvant
Ingunn Økland, Aftenposten 10. oktober 2017 -
Forslag til ny lov om tros- og livssynssamfunn
Det kongelege kulturdepartementet, 25. september 2017