NORSKE MUSLIMSKE NAMN
Mohammad og Amina får norsk namnedag
Fotballspelaren Mohammed "Moa" Abdellaoue, Vålerenga, med fleire landslagskampar bak seg. Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0, foto: Chell Hill. Kvart tiande år kjem nye namn til i den norske namnekalenderen. Nytt i kalenderen for 2017 er at ei rekkje muslimske namn har fått norsk namnedag.
Les artikkelen på nrk.no (sjå lenke under) og gjer oppgåvene.
OPPGÅVER TIL DETTE STOFFET:
1) Kva er kriteriet for å kome med i den norske namnekalenderen?
2) Mange av dei nye namna som er komne inn i namnekalenderen, er viktige i den tidlege historia til islam. Fordel namna Aisha, Hassan, Omar (forma Umar er òg i bruk), Fatima, Ali, Mohammad (eller Muhammad, Muhammed) og Amina (eller Amna) mellom dykk i klassen og førebu innlegg på to minutt om kvar av dei i plenum. Kva er kvar av dei kjend for – kva for ei side ved islam som religion er det dei får fram? (Mange av namna er nemnde i læreboka (s. 108-110 og s. 124-125), men ikkje alle. Tips: Slå opp i Store norske leksikon (snl.no). Der er artiklane om islam skrivne av religionshistorikaren Kari Vogt ved Universitetet i Oslo.)
3) I Noreg har mange namn røter i kristendom (som har opphavet sitt i jødedom) og i norrøn religion, men det gjeld ikkje alle namn. Samstundes er det, på grunn av innvandring, i dag nordmenn med namn som reflekterer alle verdsreligionane. Ta for dykk fornamna i klassen og sjå kor mange som har røter i religion. Kva for side ved religionen er det dei får fram? (Som i oppgåve 2 er snl.no ei god kjelde. I nokre klassar er jo elles delar av jobben gjort allereie i oppgåve 2). Kva seier dette om forholdet mellom kultur og religion?
4) Kan ein namnekalender vere med på å binde ein nasjon saman på tvers av religiøse og kulturelle skilnader (sjå s. 334-335 i læreboka om dette temaet)? Diskuter spørsmålet. Her kan de òg kome inn på kva forhold de har til namnekalenderen og namnedagar. (Dei blei introdusert i Noreg først på 1980-talet, men har for lengst blitt eit fast innslag i avisspaltane og på andre fellesarenaer).
Nettressurser
-
Mohammed får norsk navnedag
Petter Sommer og Mari Sand Malm, nrk.no, 10. november 2016 -
Store norske leksikon