STØTTE TIL RELIGIONAR OG LIVSSYN
Debatt om den norske ordninga
I Noreg stør styresmaktene religions- og livssynssamfunn per medlem med ein sum som svarar til den støtta Den norske kyrkja får. Slik har det vore sidan 1969. Ordninga skal sikre ei likehandsaming av alle religionar og livssyn, og ho gir eit breitt offentleg oversyn over religiøst liv og livssynsarbeid. Overordna sett er ho eit signal om ei positiv vurdering av religionar og livssyn. Likevel er ordninga omtridd. Her skal vi nemle tre vanlege innvendingar som har vore reist.
Leiarar frå ulike religionar vitjar forstandar Anne Sender (lengst til høgre) i den jødiske synagogen i Oslo etter skota mot bygninga i 2010. Sender leier no sekretariatet for Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn. Fotograf: Gorm Kallestad /NTB Scanpix
Den første innvendinga handlar om at dei som ikkje er medlemar av ein religion eller eit livssyn, over skattesetelen aktivt sponsar dei som er det. Det er mogleg å hevde at denne gruppa fell ut av likehandsaminga støtteordninga skal sikre. Den neste innvendinga går på at fleire religionar formidlar verdiar som går på tvers av majoritetssynet i Noreg. Tydelegast er dette i vurderinga av kva rolle kvinner og menn skal ha og i synet på homofile og lesbiske. Trusfridomen sikrar retten til å tenkje og tru annleis enn fleirtalet, men er det riktig å aktivt støtte miljø som fremmar diskriminering på grunnlag av kjønn og seksuell legning, er det dei som spør. Ei tredje innvending handlar om at det frå tid til annan kjem fram døme på misbruk av ordninga. I den siste saka som har fått offentleg merksemd, er kjerna at den katolske kyrkja i fleire år har skrive inn medlemar på listene som dei har fått offentleg støtte for, utan å spørje dei først. Kyrkja kan ha trudd at dei har vore katolikkar, men i så fall har det i ettertid vist seg at ho altfor ofte har teke feil. Praksisen skal no prøvast i rettsvesenet. Den rause støtteordninga toler neppe mange slike saker.
Les om denne norske støtteordninga for religionar og livssyn på s. 321 i I same verda, i ein diskusjon om forholdet mellom religionsfridom og likestilling på s. 336.
Les kommentaren til Ingunn Økland i Aftenposten 13. mars og innlegget til Anne Sender i same avis 16. mars (lenkjer nedst på sida). Økland er journalist i Aftenposten, Sender leier sekretariatet til Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn i Noreg.
OPPGÅVER TIL DETTE STOFFET:
1) Økland er negativ til støtteordninga for religionar og livssyn. Kva er hovedargumentet hennar? Kva er det Sender framfor alt viser til når ho forsvarar ordninga?
2) Kva seier denne debatten om situasjonen for religionar og livssyn i Noreg i dag?
3) Gjer oppgåve 7.) på s. 341 i læreboka. Oppgåva vinklar temaet mot eit viktig dilemma som melder seg i eit pluralistisk samfunn.
4) Sett opp tre gode argument for gjeldande ordning og tre gode argument mot ordninga og debatter spørsmålet i klassen. I denne saka kan det vere ein god idé å dele ut ulike roller med representantar frå ulike religionar og livssyn (både Den norske kyrkja, ei anna kyrkje eller ein annan religion og eit anna livssyn (til dømes Human-Etisk Forbund), politikarar og i alle fall ein som ikkje er medlem nokon stad.
Nettressurser
-
Trossamfunn bør finansiere seg selv
Ingunn Økland, Aftenposten 13. mars 2016 -
Livssynssamfunn bidrar til opplæring i demokrati
Anne Sender, Aftenposten 16. mars 2016