UØNSKT SEX

28.04.2017

Kor mange, med kven og kvifor?

Nrk.no har fått Norstat til å spørje 600 unge mellom 17 og 24 år om dei har hatt uønskt sex. Ein av fem sa dei hadde slike erfaringar. NRK har fulgt opp både med oppslag på nrk.no og ein dokumentar lagt ut på P3 sjekker ut. (Sjå lenkjer under.)

Fotograf: Dayne Topkin, unsplash.com

Både i oppslaget og i dokumentaren er merksemda retta mot one-night stand og rus. Går vi til tala (dei spurde kunne velje fleire svaralternativ), er det 37 prosent som seier dei var påverka av alkohol eller anna rus og 18 prosent var saman med ein dei blei kjend med den kvelden.

Men 59 prosent seier dei ikkje hadde lyst og gjorde det for den andre si skuld, og 71 prosent hadde sex med kjærasten eller ein annan dei allereie kjende. Det får fram at dette òg handlar om noko anna enn rus. 18 prosent seier at det var snakk om valdtekt.

Les i læreboka om seksualitet (s. 310-313), oppslaget på nrk.no og sjå dokumentaren (18:58 minutt). Oppgåve 5 tek opp etiske modellar på s. 292-295 i læreboka.

I arbeidet med dette temaet er det mogleg å få tankar om vonde opplevingar ein har hatt sjølv. Då kan det vere viktig å snakke med folk du stolar på, vener eller familie. På skulen kan kontaktlærar, rådgjevar, helsesøster eller skolepsykolog vere til hjelp. Sjå òg lenkja nedst på sida til nettstaden "Din utvei".

OPPGÅVER TIL DETTE STOFFET (Det er mogleg å gjere nokre av oppgåvene eller alle, individuelt eller i grupper)

1) Læreboka skriv at «seksualitet heng nøye saman med gjensidig tillit, respekt og nærleik. Få område kan gi sterkare stadfesting av eige verd, men dette kan også gjere ein sårbar.» (S. 312.) Diskuter denne utsegna. På kva måtar gjer dette uønskt sex til eit problem?

2) I dokumentaren er det historia til Francisca som får mest plass. Kva er det ho har opplevd? Kva er det viktigaste problemet med denne opplevinga for ho? Kva lærdom kan vi andre trekke frå denne historia? (Her kan du òg tenkje deg inn i situasjonen til venninna ho var saman med tidlegare på kvelden, og guten som blei med Francisca heim.)

3) Advokaten i dokumentaren tek opp skillet mellom uønskt sex som ikkje er i strid med lova og valdtekt som er forboden.

a) Kor går dette skillet? Kvifor kan det nokre gonger vere vanskeleg å vite kva som er kva?

b) Finn døme på at ein kan opptre moralsk feil på dette området utan at det er i strid med lova.

c) Kva er hovudproblemet med rus i samband med uønskt sex?

4) Psykologen i dokumentaren er oppteken av kommunikasjon. Ho seier at mange ikkje har eit språk for å seie kva dei ønskjer, anten det er ja eller nei til sex. Samstundes får jo sex meir mediemerksemd enn nokon gong.

a) Kvifor er det vanskeleg å seie kva ein vil på dette området?

b) Kva trur du skal til for å utvikle eit språk om dette?

5) Det første avsnittet på s. 292 i læreboka handlar om integritet som noko kroppsleg og fysisk.

a) Kva vil dette seie, heilt konkret? Kva har dette med uønskt sex å gjere?

b) Pliktetikk, konsekvensetikk og dydsetikk kan på ulike vis vise kva som gjer uønskt sex til eit problem. Formuler eit hovedargument frå kvar av desse modellane. (s. 293-295).

c) Er det overhovudet råd å sjå for seg situasjonar der det er greitt at nokon har sex fordi den andre vil og ikkje ein sjølv? Diskuter.

6)    Formuler tre gode råd om korleis unngå uønskt sex. 

Nettressurser

Cappelen Damm