STRID OM KYRKJEKLOKKER

11.08.2015

Bør klokkene slutte å kime?

I Stavanger har det i august vore diskutert om kyrkjene framleis skal få ringe inn til gudsteneste. Over heile landet er det vanleg at kyrkjeklokkene i Den norske kyrkje ringer i fem minutt tre gonger før gudstenesta kl 11 sundag føremiddag (klokka 10, 1030 og 1055). I tillegg slår klokkene tre gonger tre slag under den stille bøna som gudstenesta sluttar av med. I samband med dei store høgtidene jol, påske og pinse ringer kyrkjene i ein time. Mange stader er det òg ringing i samband med bryllaup og gravferd.

Sturla Øydvin som er nabo til Madlamark kyrkje, seier til Stavanger Aftenblad 6. august 2015 (sjå lenke under) at det for han er umogleg å sove lenger enn til klokka 10 på sundagar på grunn av ringinga. Han peiker på at dei som går i kyrkja sjølv, veit når gudstenesta byrjer. Resten av byen treng ikkje å få lyden inn i soverommet, seier han til avisa. Øydvin har skrive ein klage til kyrkja der han spør om det er naudsynt å ringe så høgt og så ofte.

Dagleg leiar i Madlamark kyrkjelyd Berit Håland Sørlie seier at ringinga er innanfor gjeldande reglar. Ho skjøner at nokre reagerer, men peiker på at dei som busett seg nær ei kyrkje ikkje kan vere overraska over at kyrkjeklokkene kimar om sundagen.

Frå Nikolaskyrka, Tbilisi, Georgia. (Wikimedia Commons, falle i det fri.)Tradisjonen med kyrkjeklokker går attende til middelalderen og kjenneteiknar kyrkjer over heile verda (biletet over er frå Georgia der kristne har levd sidan 300-talet). Biskop i Stavanger Erling Pettersen seier til Stavanger Aftenblad at kyrkjeklokka er «en del av vår felles kristne kultur. Den har en symbolfunksjon, og uansett hva en mener livssynsmessig, er det noen symboler som en faktisk regner med hører til kulturen vår.» Dialogprest Odd Kristian Reme i Kirkelig Dialogsenter i Stavanger synest det er positivt at både kyrkje og andre livssyn kan ytre seg i det offentlege rom. Innanfor gitte rammer er dette noko folk må lære seg å akseptere om ein bur i ein by, seier Reme. Sjølv bur han nær Tou Scene som held konsertar og andre kulturarrangement, og han seier han må tåle lydane derifrå, sjølv om det kan vere ei utfordring.

Andre er skeptiske til ringinga. Trond Birkedal skriv på Aftenbladet si facebookside: «I 2015 skulle det ikke være behov for å forstyrre søndagsfreden med slikt bråk. Det er dessuten diskriminerende at en religion får trenge seg på så mye i det offentlige rom.»

I Stavanger har ein moské sidan 2001 fått lov til å kalle offentleg inn til bøn før fredagsbøna, nemleg moskeen i Store Skippergate i Stavanger sentrum. Talsmannen for moskeen Saadd Farooq Shehzad seier kommunen sette krav til lydnivå og dei har aldri fått nokre klager. Andre moskear i Rogaland, som Muslim Forum og Moské i Sandnes, ropar ikkje inn til bøn utanfor moskeveggane. Talsmannen Ali Chaudry seier til Stavanger Aftenblad: – Vi har ikke noe behov for dette. Hensikten er å informere om at det er tid for bønn, og det vet folk fra før. Vi har ikke lyst å forstyrre andre. (Stavanger Aftenblad, 8. august 2015). I Oslo er òg praksisen ulik. Men dei fleste moskear ropar ikkje inn til bøn i det offentlege rommet. I Sverige fekk for første gong ein moské rope inn til bøn så seint som i 2013 (sjå lenke under til YouTube-klipp).

Les om mangfald som etisk og filosofisk utfordring i læreboka, s. 331-339.

MOGLEGE OPPGÅVER TIL DETTE TEMAET:

  1. Kva seier denne saka om religions- og livssynssituasjonen i Noreg? (Vis til gjerne til omgrepa majoritetsreligion, sekularisering, religions- og livssynsmangfald, religionsfridom, i svaret ditt).
  2. Oppsummer argumenta. Kva talar for å framleis tillate ringing med kyrkjeklokker til gudsteneste i Noreg? Kva talar mot? (Vis gjerne konkret til utsegnene frå debatten i Stavanger). Er det rimelig å sjå denne saka i samband med innkalling til fredagsbøn i norske moskear? Kva er ditt eige syn - bør kyrkjeklokker og lyd frå andre religionar ha ein plass i det offentlege rommet?
  3. Diskuter spørsmålet i klassen. Denne oppgåva kan òg løysast ved å dele ut ulike roller og lage eit folkemøte om saka.

Nettressurser

Cappelen Damm