LIKE MANGE TRUR SOM IKKJE TRUR

21.04.2015

Spørsmålet er Gudstru. Talet er 38 prosent ja og nei. Resten svarar "veit ikkje"

Sidan 1985 har Ipsos MMI i undersøkinga Norsk monitor spurt nordmenn om dei trur på Gud. Fram til no har fleirtalet svara ja. No er det like mange, 38 prosent, som svarar «ja» som svarar «nei». 24. prosent svarar "veit ikkje".

Sjå framstillinga om religions- og livssynssituasjonen i Noreg på s. 320-328 i I same verda.

Les avisartikkelen «Gudstro på retur» i Vårt Land (sjå lenke under).

Moglege oppgåver til dette stoffet:

1.) Diskuter kva årsakene kan vere til at færre nordmenn enn før seier dei trur på Gud.

2.) Forskarane som avisa intervjuar, spør seg om undersøkinga kan hende ikkje fangar opp trua til ein del nordmenn. Det er spesielt nyreligiøsitet dei her viser til. Kva er det dei her legg vekt på?

3.) Undersøkinga får fram ein tydeleg skilnad mellom kjønna. Diskuter moglege grunnar til dette.

4.) Talet på døypte i Den norske kyrkja er lågare enn før. I dag døyper denne kyrkja knapt 6 av 10 nyfødde nordmenn. Likevel er dette talet høgare enn talet som trur på Gud. Kva kan vere grunnane til det?

5.) Oppsummer kva svara i 1-4 seier om religions- og livssynssituasjonen i Noreg. Korleis supplerer dette biletet som læreboka gir (s. 320-328)?

6.) Over artikkelen øvst på sida er det trykt ei rekkje påstandar om Gud frå kjende og ikkje fullt så kjende nordmenn som trur og ikke trur på Gud. Les påstandane.

a) Finn du di eiga tru eller ikkje-tru att blant påstandane?

b) Gir ordet «Gud» meining i dag? Samtal om spørsmålet i klassen.

Nettressurser

Cappelen Damm