DØDSSTRAFF I VEKST

31.03.2014

Talet på avrettingar auka med 15 % i fjor.

Moglege oppgåver til dette stoffet:

Les den redaksjonelle teksten under og arbeid med spørsmåla.

1.) a) Kva for verdiar står mot kvarandre i debatten om dødsstraff?

b) Kva er dei konkrete argumenta for og mot? Skriv dei opp på ei liste med dei viktigaste argumenta først.

c) Dette er eit etisk spørsmål. Trekk inn pliktetikken, konsekvensetikken og dydsetikken i diskusjonen (sjå s. 293-296 i læreboka). Korleis kan desse modellane nyttast til å klårgjere dette spørsmålet?

d) Diskuter spørsmålet i grupper eller i samla klasse. Diskusjonen kan utformast slik at faste roller er tildelte på førehand. Halvparten er for og halvparten er mot bruk av dødsstraff.

3.)    Dødsstraff på film:

Fleire gode filmar handlar om dødsstraff, mellom anna  Tim Robbins´  Dead man walking frå 1996 (122 minutt).  Under har vi lagt til ei lenke til filmstudiearket frå Norsk Filminstitutt som gir hjelp til å arbeide med filmen i klassen (utarbeidd av Mia Lindrup).

Ein annan film om temaet er Lars von Triers  Dancer in the Dark frå 2000 (139 minutt). Dette er ein krass kritikk av dødsstraff, framført i ein filmmusikal med islandske Bjørk i hovudrolla. Bjørk har òg laga musikken.

 

Kva er status og kva er argumenta?

Amnesty International offentleggjer kvart år statistikken for offentlege avrettingar i verda. Då tala for 2013 kom i mars, viste dei ei auke på 15 prosent, totalt 778 avrettingar, mot 682 året før. Dette talet ser vekk frå situasjonen i Kina, eit land som ikkje offentleggjer nokon statistikk, men avrettar fleire tusen menneske kvart år. Kina er altså landet med desidert flest avrettingar, fleire gonger meir enn resten av verda til saman. På andreplass kjem Iran med 369 offentlege avrettingar ifølge statistikken (mange avrettingar er ikkje med i dette talet) og Irak er nummer tre med 169. Det vestlege landet som er mest kjend for å praktisere dødsstraff, er USA. Her avretta styresmaktene 39 menneske i 2013. I USA er det opp til den einskilde delstat å innføre eller avskaffe dødsstraff. Maryland vart i 2013 den 18. delstaten som avskaffa dødsstraffen.

Dødsstraffstatistikken kom samstundes med at dei egyptiske styresmaktene kunngjorde at dei hadde dømt 529 tilhengarar av den avsette presidenten Mohammed Morsi til døden. Amnesty slår fast at dei tiltalde totalt mangla rettstryggleik. (sjå intervju med Ina Tinn under). Dommane er eit alvorleg tilbakeslag for den demokratiutviklinga i Egypt der dei militære no strammar grepet.

Lovbrotet det er snakk om i samband med dødsstraff, er gjerne svært grovt, slik som drap under særs skjerpa omstende. Men i fleire land vert òg politiske opposisjonelle avretta. Iran innførte i 2012 dødsstraff for  fråfall frå islam. Og i mange land vert mindreårige avretta.

Motstandarar av dødsstraff peiker på det sjølvmotseiande i at eit samfunn straffar mord ved sjølv å ta liv. Forsvararane hevdar  at i nokre tilfelle vil all anna straff enn dødsstraff ikkje svare til brotsverket. Forbrytaren har sett seg utanfor den menneskelege fellesskapen ved å ta liv, og for at rettferd skal skje, er dødsdomen nødvendig. Blant folk flest melder det seg òg eit hemnmotiv.

Motstandarane framhevar gjerne at menneskeverdet ikkje kan reduserast til kva det einskilde mennesket gjer. Menneskeverdet er noko absolutt. Med dødsstraff er det uråd å gi uskuldige ei oppreising, har det vorte sagt. Historisk er det fleire døme på avrettingar av menneske som i ettertid viste seg å vere uskuldig. Heilt sikre kan ingen domstol vere. Dessutan er det med dødsstraff uråd å angre eller forandre seg. Hemnmotiv kan heller ikkje styre rettsvesenet i ein moderne rettsstat, seier motstandarane.

Tilhengarane av dødsstraff framhevar ofte forebyggande omsyn. Dersom folk veit at alvorlege brotsverk kan straffast med døden, kan talet på slike brotsverk gå ned, er påstanden. Men då er det påfallande at kriminaliteten ikkje auker i land som avskaffar dødsttraff, svarar motstandarane. Også økonomiske omsyn og omsynet til familiane til ofra er løfta fram av tilhengarane.

Kan hende kunne ein tru at ei religiøs forankring ville konkludere med eit klårt nei til dødsstraff. Det er mange døme på religiøse argument mot dødsstraff, ikkje minst at mennesket ikkje skal gjere seg til herre over liv og død og at livet er ei gåve til alle menneske. I hindiusmen og buddhismen strir dødsstraff mot omsynet om å ta vare på alt liv. Men det finst òg dei som ser på dødsstraff praktisert på rett vis som eit uttrykk for Guds vilje.  Innanfor alle verdsreligionane kan vi finne ulike syn i dette spørsmålet (sjå lenke under til ressursane på nettstaden til Death Penalty Information Center).

Nettressurser

Cappelen Damm