Tekstoppgave: Frå Sokrates si forsvarstale

Sokrates´ forsvarstale er truleg eit av Platons (427-347 f Kr) tidlegaste skrifter. Tala skal Sokrates ha halde under rettssaka mot han i 399 f Kr som ende med dødsdomen mot han. Dei tre atenarane Meletos, Anytos (sjå under) og Lykon anklaga Sokrates for mellom anna å forderve ungdommen. I utdraget fortel Sokrates om korleis verksemda hans ikkje er noko han kan halde opp med, sjølv om han vert truga på livet. Anfinn Stigen har omsett teksten frå gresk til norsk. Sjå presentasjon av Sokrates i læreboka, s. 252-254.

 

Tenk om de no frikjenner meg og ikkje høyrer på Anytos som sa at anten skulle eg ikkje vore ført for retten frå først av, eller så var det ikkje annan råd enn å avrette meg, når eg først var hitkomen; for – som han sa – vart eg frikjend, ville sønene dykkar drive på med det dei lærer av Sokrates, og bli reint forderva alla i hop. Tenk så om de vidare seier: ”Sokrates, vi lèt deg gå på det vilkåret at du ikkje held fram med denne granskinga og filosoferinga; blir du gripen i det, skal du døy.” Om de altså som sagt sleppte meg fri på det vilkåret, da skulle eg seie til dykk: ”Eg høgaktar og held av dykk, atenarar, men vil lyde guden meir enn dykk! Og så lenge eg andar og maktar det, skal eg ikkje halde opp med å filosofere, formane dykk og vise dykk til rettes, kven eg så råkar på, slik at eg seier til han som eg plar: ”Gode mann, du som er borgar av Aten, denne store byen som er så kjend for visdom og makt, skjemmest du ikkje over at du stendig strevar med å skaffe deg mest mogleg pengar, ry og ære, men ikkje bryr deg om klokskap og sanning og betring av sjela – det har du ingen tanke for?” Og mæler nokon av dykk imot og seier at han legg vinn på desse ting, vil eg ikkje straks sleppe han eller gå frå han. Eg vil spørje, prøve og motprove han. […]

Ordforklåringar (nynorsk – bokmål):

stendig – stadig, sanning – sannhet, mæle – tale, motprove – motbevise

 

Henta frå Helge Svare, Filosofiske tekster i utvalg, Oslo 1998, s. 14.

 

Oppgåver:

1.) Kva for inntrykk av filosofen Sokrates får vi i dette utdraget?

2.) Ut frå det du veit om Sokrates, kva for grunnar kan han ha får ikkje å legge til side granskinga og filosoferinga?

3.) Finn døme på menneske som kan likne ein Sokrates i det offentlege livet i Noreg i dag.

Cappelen Damm